Handlingsplan

Handlingsplan for NBF Hordaland, samrøystes vedteken på årsmøtet 20.03.2019:                              

Hovudmål:

Fremje fagleg diskusjon og ei positiv utvikling i bibliotek i Hordaland

  • NBF Hordaland skal arbeide for at biblioteka skal vera ein læringsarena og ein demokratisk, sosial og kulturell møteplass for alle.
  • NBF Hordaland skal bidra til å setje biblioteksaker på dagsorden gjennom aktiv deltaking i media og bruk av eiga nettside til informasjon og debatt, t.d. gjennom markering av Nasjonal bibliotekdag
  • Arbeida for at dei ulike bibliotektypane og oppgåvene deira vert synlege og at det vert etablert samarbeid som tek vare på eit heilskapleg bibliotektilbod for innbyggarane
  • Å synleggjere biblioteka i Hordaland ved å dele ut den årlege Bibliotekprisen for Hordaland
  • Styrkje arbeidet i lokallaget, gjennom styrearbeid og medlemsaktivitetar. Døme på medlemsaktivitetar kan vere møte, kurs, seminar og andre samlingar
  • Verva fleire medlemmer til lokallaget.

Handlingsplan for kommande styreperiode

  • Kommunevalet 2019
  • Oppfordra medlemmene i NBF til å markera biblioteksaka med t.d. lesarinnlegg, stands og i debattar 
  • Førebu samanslåinga med NBF Sogn og Fjordane til NBF Vestland 
  • Markering av Nasjonal bibliotekdag 1. september 
  • Planlegga «Det Bergenske bibliotekseminar» 2020 
  • Arrangera ein medlemstur til «nye» bibliotek i Hordaland 
  • Presentasjon av biblioteka i Hordaland på facebooksida 
  • Arrangera julemøte for medlemmer i NBF og NFF på Norli i desember 
  • Utlysa stipendmidlar og behandla søknadar frå medlemmer for deltaking på kompetansehevande kurs eller konferansar 
  • Kåra «Årets bibliotek i Hordaland 2020»
    • Nominasjonsrunde
    • Prisutdeling 
  • Arrangera årsmøte i NBF Hordaland 2020