Uro over tilsettingar ved Bergen Offentlige Bibliotek

Rett før sommarferien held NBF Hordaland på med ei uvanleg sak for ein politisk organisasjon. Men sidan vi er opptatt av at bibliotekbrukarar skal få best mogleg service, tok vi stilling og sende følgjande brev til Bergen kommune:

Norsk Bibliotekforening Hordaland vil med dette uttrykke uro over det vi ser som ein tendens i Bergen Offentlege Bibliotek sine tilsetjingsprosessar. Det synes som prosessane går svært raskt, slik at kvalifiserte kandidatar inntil 10 arbeidsdagar etter utlysingsfristen får melding om at tilsetjing er gjort. Dette vert opplevd som at utlysingane ikkje er reelle, og at søkjarar ikkje er blitt fullgodt vurdert med omsyn til referansar og mogeleg intervju.

I to konkrete tilsetjingssaker veit vi at fagforeningane vart involverte etter at søkjarar kjende seg dårleg behandla i den korte tilsetjingsprosessen. Vi er urolege for kva dette vil bety for Bergen Offentlege Bibliotek sitt omdømme som arbeidsstad og følgjeleg også for Bergen Kommune som arbeidsgjevar. I neste omgang kan dette få som konsekvens at gode søkjarar ikkje søkjer stillingar ved Bergen Offentlege Bibliotek, og med det redusert kvalitet på bibliotektilbodet i byen.

Norsk Bibliotekforening er brennande oppteken av at alle borgarar skal ha tilgang til bibliotek med høg kvalitet og gode tenester, og er svært nøgd med Bergen Kommune si satsing på nye bibliotek på Laksevåg, i Åsane og på Landås/Sletten. Det er derfor urovekkande når tilsetjingsprosessar med mange søkjarar vert summarisk gjennomførte og kvalifiserte søkjarar opplever manglande reell vurdering.

Vi ber om at Bergen Kommune kvalitetssikrar tilsetjingsrutinene til Bergen Offentlege Bibliotek slik at kvalifiserte søkjarar i framtida kjenner seg godt tekne vare på.

Beste helsing
Norsk Bibliotekforening, avd. Hordaland
Manuela Werler