referat frå styremøte 24. april 2020

Stad: Zoom

Desse møtte: Manuela, Ørjan, Inger,  Elena og Guri.
Forfall: Kari og Terje

Saksnummer Sak
39/19-20 Kva gjer vi med planlagt aktivitet våren 2020?

–          Årsmøtet 2020

Årsmøtet 2020 der vi skulle legga oss sjølve ned før vi har eit samanslåingsårsmøtet med NBF Sogn og Fjordane er utsett til det er litt meir avklart kva som skjer framover. Planen er å få arrangert «fysisk» årsmøte til hausten 2020, alternativt kan vi ha eit digitalt årsmøte, men dette ser vi litt an.

 

–          Årets bibliotek 2020
Kåringa av årets bibliotek er utsett til hausten, det er kome inn mange forslag og dei tre biblioteka som har fått flest stemmer

·       Voss

·       Kvinnherad

·       Askøy

Vi ber om at biblioteka sender oss ein skriftleg presentasjon av seg sjølv om tilbodet, og så er styret jury (med unntak av Inger og Elena som er inhabile)

Manuela sjekkar med forfattarar eller kulturpolikarar om vi kan få med ein eller to fleire i juryen.