Referat frå styremøte 17. desember 2019

Stad: Opus XVI

Desse møtte: Manuela, Ørjan, Terje, Inger og Guri. Samt Ane frå hovudstyret.
Forfall: Kari og Elena

Saksnummer Sak Ansvarleg
36/19 Planlegging av arrangement i 2020

·         FOTOKURS
Det er planen å arrangera eit fotokurs i samarbeid med Vestland bibliotekutvikling. Korleis ein skal gjera det når vi får eit anno større geografisk område er litt uklart.

  • Skal vi ha same kurset fleire stader i fylket?
  • Skal undervisninga gå via nett?
  • Forslag til kurshaldarar: I tillegg til Hilde Honerød som har vore spelt inn før, kom det forslag på Ådne Sandvik Dyrnesli. Han er utdanna fotograf og har halde fotokurs med bruk av mobil for fleire bedrifter (t.d. NRK)

·         DET BERGENSKE BIBLIOTEKSEMINAR

Dato: 21. april

Desse emna er klare

  • InnoLab
  • Det nye minibiblioteket på Årstad der ungane deltek i planlegginga
  • Bibliotekutdanninga v/ Tor Arne Dahl
  • Nasjonalbiblioteket om www.bibliotekutvikling.no

Vi treng eit foredrag til. Skulle vi hatt noko om skulebibliotek? Nokon som har lukkast der?
– Førde kommune fekk pengar frå Nasjonalbiblioteket til utvikling av skulebiblioteka. Kan dette vera aktuelt? (anm. 06.01.2020 Jorun Systad har takket ja til å holde foredrag)

Robert Mjelde Flatås, rektor på Stanghelle skule har skrive lesarinnlegg om gutar og lesing. Kan dette vera aktuelt?

 

·         ÅRSMØTE I NBF HORDALAND OG NBF VESTLAND

Årsmøtet vert halde i samband med Det Bergenske bibliotekseminar 21. april.
Vi har fått låna rom på Bergen katedralskole. Her må det vera to separate møter først, eit for NBF Hordland og eit for NBF Sogn og Fjordane der ein vedtek oppløysing, og så eit møte med alle deltakarane i nye Vestland der ein vedtek samanslåing.

·         SOMMARMØTE
Dato ikkje fastsett, men det er nok lurt å ha det før 17. mai.

·         DATA DETOX
Dette kurset hadde vore kjekt å fått til Vestland til hausten. Det er Buskerud fylkesbibliotek som har omarbeidd det til norske forhold.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Manuela

 

 

Manuela

37/19 Søknad om aktivitetstilskot

Fotokurs: 2000,-

Det bergenske bibliotekseminar: 10000,-

Årsmøte: 4000,-

Sommarmøte: 2000,-

Datadetox: 4000,-

 

Total søknadssum: 22 000,-

 
38/19 Ymse

–          Skriva oversikt til landsmøte med kva vi har gjort

 

Guri