Referat frå styremøte 5. november

Desse møtte: Manuela, Ørjan, Elena,  Kari, Ane og Guri Forfall: Inger

Saksnummer Sak Ansvarleg
  28/19   Godkjenning av årsmøtereferat frå Referatet var godkjent utan merknadar    
  29/19   Bibliotekbusstur «Og alle var einige om at det hadde vore ein fin tur», var den korte oppsummeringa. Det er til og med deltakarar som har sendt tilbakemelding og takka for turen.
Det var ei fin blanding av fagleg og sosialt, og ei fin blanding av bibliotek. (Bergen katedralskole, Samnanger folkebibliotek, Granvin folkebibliotek og Hauge-senteret i Ulvik) Kostnaden med turen vart 16 000,-, noko som var godt innafor budsjettet.   Planen er å gjenta suksessen i 2021J då reknar vi med at det er fleire nye, spanande bibliotek som kan besøkast.  
 
  30/19   Organisasjonsmøte i NBF Manuela orienterte frå organisasjonsmøtet. Tilgjengelegheit og universell utformingBibliotek som sosial og emosjonell arenaSpel og folkehelse frå Horten folkebibliotek   Elles melder Manuela attende frå organisasjonsmøtet at NBF Hordaland er ei ganske aktiv lokalavdeling, så vi kan vera rimeleg godt nøgde med oss sjølve.      
  31/19   Ope møte om den nye bibliotekstrategien Mariann Schjeide, leiar av Norsk Bibliotekforening (NBF), kjem til Bergen for å innleie til samtale og diskusjon om kva den nye bibliotekstrategien får å seie for biblioteka. Dato: fredag 15.11.2019 kl. 12:30-15 i undervisningsrom 202, Bibliotek for samfunnsvitskap og musikk, Fosswinckelsgt 14 Dette er eit samarbeid med mellom  Universitetsbiblioteket i Bergen, NFF Bergen og NBF Hordaland.   Bibliotektilsette frå alle typar bibliotek er hjarteleg velkomne, samtale og diskusjon om kva den nye bibliotekstrategien betyr for biblioteka. Arrangementet er gratis for alle.       
  32/19     Julemøte måndag 2. desember
Det er allereie 18 påmelde, og alt er under kontrollJ Det må kjøpast inn vin, nøtter og anna knaskStig Holmås har takka ja til å lesa dikt og han får betalt etter forfattarsentrum sine takstar. 50,- i inngangspengar  
 
  33/19   Samanslåingsprosessen med NBF Sogn og Fjordane
Tenkjer at årsmøta i begge fylkeslaga og nye felles Vestland NBF kan haldast i samband med «Det bergenske bibliotekseminar» 24. april 2020.
Lokale: Er det mogeleg å få låna lokale på Bergen katedralskole? Manuela høyrer med Eva Mostraum.   Elles ville det kanskje vore kjekt å gå ut saman å eta middag etterpå?   Valkomité: Avd. Hordaland må stilla med ein person til valnemda, Sogn og Fjordane med ein person.
Vi slit litt med å få kandidat til valkomiteen frå Hordaland. Tre er spurt, to har sagt nei, ein har sagt tja. Nokon som har gode kandidatar?  
 
  34/19     Ymse Årets bibliotek i Hordaland 2020 Prosessen med kåring av «Årets bibliotek» i Hordaland i 2020 må i gong like over jul Nominasjonsrunde frå lånarane (lurt om biblioteka legg informasjonen ut på heimesidene sine, slik at lånarane veit at dei kan nominera)Styret avgjer kva tre bibliotek som skal til «finalen»Presentasjonsrunde av dei ulike biblioteka i finalerunden på NBF Hordaland sine nettsiderStyret  bestemmer kven som skal få prisen. Utdeling av prisen i samband med årsmøtet til NBF Hordland/NBF VestlandØkonomi Kort oppsummert, NBF Hordaland har ein sunn og god økonomiJ Presentasjon av bibliotek på NBF sine nettsider
Vi vil gjerne presentera fleire bibliotek på heimesidene våre. Manuela høyrer med Bømlo folkebibliotek og Voss vgsFotokurs
Fotokurs i samarbeid med fylkesbiblioteket Kurset er ikkje datofesta enno, men vil vera til våren. Planen er at dette skal vera ei praktisk retta kurs, aller helst med bruk av mobilkamera.  
 
  35/19   Neste styremøte Julelunsj 17.12 kl 15.15 der vi skal planlegga aktivitetar for 2020.