Referat frå styremøte 10.september 2019

  21/19   Godkjenning av årsmøtereferat: Referatet var godkjent utan merknadar    
  22/19   Bibliotekbusstur Alt er i orden før bussturen måndag 16. september. Litt for få påmelde, 20 stk totalt som reiser på busstur gjennom fylket. Start på Bergen Katedralskole kl.08.30 før turen går innom Samnanger og Granvin på veg til Ulvik. Nå ein er i Ulvik stikk ein innom biblioteket i tilleggtil Olav H. Haugesenteret. 
Kari lagar quiz til bussturen.
Lunsj i Granvin  
 
  23/19   Det bergenske bibliotekseminar
Emne: Samarbeid og identitet  
Dato: 16. april eller 22. april 2020.
Manuela tek kontakt med BOB for å finna den datoen som passar best. Opplegget førebels er:
– Kulturelt innslag/litterær lunsj
– Presentasjon av det nye biblioteket på Sletten
– Innolab
– Tor Arne Dahl frå Oslo Met. Om endringar i bibliotekutdanninga
– Bibliotekutvikling.no om verdsbiblioteket og nettsidene
– Utdanningsdirektoratet om skulebibliotek og læreplanar
– Paneldebatt : Samarbeid og identitet (Anders Ericsson debattleiar?)Ny NBF-leiar?  
 
  24/19   Organisasjonsmøte i NBF Dato: 17. og 18. oktober
Manuela og evt. Elena reiser  
 
  25/19   Julemøte Dato: 2. desember Stad: Norli bokhandel
Tilsette på Norli stiller med boktips, og vi får 10% på kjøp.
Kari høyrer med Stig Holmås om han vil lesa dikt.

Manuela informerer NFF om datoen  
 
  26/19   Ymse Hordland fylkesbibliotek ynskjer å arrangera eit kurs om å ta gode foto til marknadsføring av bibliotek, og lurer på om vi vil vera med som arrangørar. Det takkar vi ja til og oppfordrar fylkesbiblioteket om å legga vekt på bilete teke med mobilkamera som er det som er mest tilgjengeleg. Korleis er status i samband med kommunesamanslåingar? I nye Øygarden kommune (samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden) er det urolege tider. Der ligg det an til at fire tilsette ved biblioteka vert overførte til eit innbyggartorg. Skal NBF skriva lesarinnlegg?        
  27/19   Neste styremøte På BOB 5. november kl. 14.00