Referat frå styremøte 9.april 2019

Saksnummer Sak Ansvarleg
13/19 Godkjenning av årsmøtereferat frå
Referatet var godkjent utan merknadar
 
14/19 Konstituering av styret
Manuela Werler held fram som leiar.
Kari Fauskanger held fram som kasserar, Ørjan Persen som informasjonsansvarleg og Guri Aarhus som skrivar.  
Inger Dyrnesli og Elena Beardy byttar plass i styret. Elena går inn som fast medlem, medan Inger vert varamedlem.
Årsaka til byttet er endring i arbeidsoppgåver og arbeidsbelastning for Inger.  
Vi prøver å halda på tysdagar som fast møtedag
 
15/19 Planlegging av årets medlemstur
Styret i NBF Hordaland ynskjer å planlegga ein tur for personlege medlemmer av organisasjonen til ulike bibliotek i fylket.
Turen er gratis som personlege medlemmer av NBF, og vil verta arrangert 16. september 2019.
På turen skal vi innom ulike stader. Førebels reiserute er: Bergen Katedralskole – Samnanger – Granvin (inkl lunsj) – Olav H. Hauge-senteret i Ulvik – Bergen. Førebels tidsramme er 08.30 – 17.00  
Planen er at dette skal verta ein kjekk dag der ein får sjå fine bibliotek, få inspirasjon og verta betre kjende med andre bibliotekfolk i fylket.
 
16/19 Presentasjon av bibliotek i fylket
Vi ynskjer å presentera biblioteka i fylket på facebooksida vår. Eit nytt bibliotek i månaden.
Lista for 2019 ser slik ut:
– Austevoll
– Årstad vgs
– Masfjorden
– Bømlo
– Voss vgs
– Granvin
– Bergen katedralskole
– Sammanger
   
17/19 Utlysing av midlar til stipend
Denne saka vart utsett til vi får betre oversikt over kostandane med bibliotekbussturen.
 
18/19 Vervekampanje
Vi tenkjer at bussturen er vårt forsøk på verving av medlemmer sidan det vil vera ein kostnad med deltaking på turen dersom ein ikkje er personleg medlem av NBF.
 
19/19 Ymse
Sommarmøtet : skal vi prøva å vekka dette til live att? Er det mogeleg å kopla sommarmøtet på eit anna arrangement som føregår i Bergen i juni, t.d. på litteraturhuset eller på BOB?
Det Bergenske bibliotekseminar
Det er tid for å setja ned ei gruppe som kan planlegga nytt bibliotekseminar i februar 2020. Vi høyrer med Anne Pihl (Fylkesbiblioteket) om ho vil vera med og kontaktar evt. BF og NFF for å høyra om dei vil vera med. Ørjan og Manuela stiller frå NBF Hordaland. Eit tema som kan vera aktuelt er brukarmedverknad, t.d. korleis BOB har gått fram med å få publikum sine reaksjonar på ombyggingsplanane.
 
20/19 Neste styremøte
Vi må ha ein nytt styremøte før sommarferien. Manuela finn ein dato som passar for Ane og styremedlemmer frå Sogn og Fjordane.