Referat frå styremøte 10.januar 2019

Styret på besøk på UBBMED (fjorårets vinner av Årets bibliotek)

Desse møtte: Manuela, Ørjan, Kari, Terje og Guri         Forfall: Inger   

1/19          Godkjenning av møtereferat frå 23. oktober.   

Referatet var godkjent utan merknadar

2/19         Årsmelding

Manuela har skrive årsmelding for NBF Hordaland 2018. Denne skal vera vedlagt til søknaden for aktivitetstilskot.

3/19         Økonomi

Økonomien til NBF Hordaland er god. Det som kompliserer saka litt er saka med kortmisbruket som vart avgjort i konfliktrådet. Det er tilbakeført for mykje til kontoen vår. Kari tek kontakt med banken og høyrer kva som skal gjerast her.

4/19          Idear til medlemsaktivitetar framover  

Stemingsbilde frå UBBMED
  • Fotokurs i samarbeid med fylkesbiblioteket
  • Tilbod om (buss)tur til «nye» bibliotek
  • Skulebiblioteket på Bergen katedralskole
  • Bergen off. bibliotek. Laksevåg filial
  • Bergen off. bibliotek Sletten/Årstad (namn ikkje endeleg avgjort)
  • Austevoll bibliotek
  • Masfjorden bibliotek
  • Og sikkert nokre vi har gløymt

 

5/19          Fagdag om kommunesamanslåing i Stjørdal

Kari deltek på fagdagen om bibliotek om kommunereform 8. februar 2019 for Øygarden. Ho melder attende til styret dersom det er noko vi bør ta vidare.

6/19        Stipend til personlege medlemmer i NBF Hordaland

NBF Hordaland ynskjer å dela ut stipend til personlege medlemmer for deltaking på kurs eller møter. Dette for å gjera medlemsskapet i NBF meir attraktivt.

Summen er opptil 5000,- og den som får stipend må skriva ei sak for nettsida til NBF Hordaland etter arrangementet.

Det er styret i NBF som avgjer kven som får stipend.

7/19          Kommuneval 2019

Det er kommuneval til hausten og i samband med dette vil vi oppfordra alle biblioteka i fylket til å markera biblioteksaka. Dette kan gjerast med debattar, lesarinnlegg, stands osv.

8/19         Årsmøtet 2019

Årsmøtet i NBF vert på lunsjrommet på BOB onsdag 20. mars kl. 17.00

9/19       Årets bibliotek i Hordaland 2019

Utdeling av prisen for Årets bibliotek i Hordaland i 2019 vert i Amalies hage onsdag 20. mars kl. 18.00

Inger kjøper inn kunstverket som skal vera det synlege beviset på utmerkinga. Ørjan sjekkar kven som kan ha ei opplesing.

I 2017 fekk vi inn mange forslag, medan det var langt færre forslag i 2018. I år prøver vi å laga ei så enkel nominering av ingen vert skremde vekk av å måtte skriva ei lang grunngjeving.

Meldinga om at det er opent for nominering må ut til alle medlemmer slik at dei kan spreia det i sine nærmiljø via e-post, facebook, nettsider osv.

Frist for nominering er sett til 14. februar 2019.

Dei nominerte biblioteka vil verta bedne om å presentera seg gjennom å svara på nokre enkle spørsmål som kan leggast ut på nettsidene til NBF Hordaland.

10/19        Fotokurset

Hordaland fylkesbibliotek og NBF Hordaland arrangerer eit kurs i fotografering til bruk i marknadsføring. Dette vert eit praktisk kurs.

Det er Hilde Honerud som skal halda kurset. Ho har halde eit slikt kurs for tilsette i Buskerud i 2018.

Dato: 15. mars

Stad: Hordaland fylkesbibliotek

11/19       Ymse

Ylva Seljenes, leiar for NBF Sogn og Fjordane, har teke kontakt ang. fylkessamanslåinga.

Styret i Hordaland forslår at vi inviterer til eit felles møte i løpet av 2019 for å verta betre kjende og legga planar framover.

Det er naturleg at det vert årsmøter 2020 på same stad, og at ei først har årsmøta kvar for seg, og så avviklar eit felles årsmøte for NBF Vestland. Dette er etter same modell som NBF Trøndelag gjorde då dei slo saman fylkeslaga sine.

12/19       Neste styremøte

15. mars i samband med fotokurset. Klokkeslett kjem seinare.

Ref: Guri Århus