Referat frå styremøte 23. september

Møtereferat Norsk bibliotekforening avd. Hordaland
Dato: 23. oktober 2018
Til stades:      Manuela Werler, Ørjan Persen, Terje Haugsgjerd
og Guri Aarhus

Saksnr Skildring Ansvarleg
15/18

 

Godkjenning av referat frå møtet 3. september

Referatet vart godkjent utan merknader

 
16/18 Vudering av Workshop om profilering

Håvard Legreid innfridde som kurshaldar enno ein gong. Det var 8 ivrige damer som deltok på kurset om korleis ein kan tenkja ved fornya det fysiske bibliotekrommet.

 
17/18 Oppsummering av organisasjonsmøtet i NBF

Manuela og Ørjan deltok frå NBF Hordaland. Dei deltok på ulike parallellsesjonar.

  • Kurstilbod for NBFmedlemmer
  • Korleis gjennomføra årsmøte
  • Samanslåing av lokalllag
  • Bruk av sosiale media
  • Profilering mot politiske parti

 

I tillegg var det felles presentasjonar for alle

  • FNs bærekraft mål
  • Helsebiblioteket
  • Bibliotekarrollen av Knut Skansen
  • Open access

Når det gjeld saka om evt. samanslåing av lokallag som følgje av regionreform, må dette avgjerast på årsmøte i kvart av dei to lokale foreningane før ein har eit felles årsmøte. Desse møta kan foregå i adskilte deler av same rom før ein samlast til felles møte.

 
18/18 Økonomi

Dette vart utsett til neste møta sidan Kari Fauskanger ikkje deltok på møtet.

 
19/18 Ymse

–          Medlemsverving

Vi vil gjere eit nytt forsøk, men tenkjer at det kan vera lurt å henga seg på ein nasjonal kampanje, så vi avventar litt.

–          Julemøte 2018
Det er NFF som er ansvarleg for julemøtet i år. Og dette vert tysdag 27. november kl. 20.00 på Litteraturhuset. Det er sendt ut informasjon om møtet til medlemmene

–          Planar for våren 2019

·         Årets bibliotek.
Her må vi setja i gong prosessen for å få inn kandidatar i januar.

·         Fotokurs
Korleis ta bilete som kan brukast i profilering? Dette må vera praktisk og lågterskel

·         Kommunesamanslåing

–          Erfaringar frå Trøndelag?

–          Personalet

–          Korleis jobba strategisk for å hinde nedlegging av bibliotek?

 

 
14/17 Nytt møte

Dato: 10.januar
Stad: På UBB, medisinsk bibliotek?