Referat frå styremøte 3.september 2018

Til stades:      Kari Fauskanger, Manuela Werler, Ørjan Persen, Elena Beardy
og Guri Aarhus

Saksnr
8/18

 

Godkjenning av referat frå møtet 2. mai

Referatet vart godkjent utan merknader

 
9/18 Oppsummering norsk bibliotekdag 1. september

Dagen er ikkje særleg etablert i folkebiblioteka, og det har ikkje vore mykje markering av dagen. Tidspunktet er innretta mot valkampen annakvart år, men elles er det eit tidspunkt som passar dårleg med oppstart etter ferien og skulestart med alt det fører med seg. På grunn av dette treng lokallaga meir drahjelp får sentralt hald

Artikkel i Strilen om folkebiblioteket i Lindås av Halfdan Wiik i høve bibliotekdagen.

 
10/18 Seminaret om profilering

Seminaret om profilering med Håvard Legreid vart avlyst i juni pga for dårleg påmelding, men vert sett oppatt 23. oktober. Dette er ein halvdags workshop.

 
11/18 Økonomi

Saka med misbruket av kortet er avslutta, og pengane er ført attende til kontoen vår. Økonomien til NBF Hordaland er bra.

Det vart avgjort at styremedlemmer skal få dekka utgifter til reiser til styremøter for 2018 mot kvitteringar.

 

 
12/18 Organisasjonsmøte

NBF sentralt dekka reisa til ein person til organisasjonsmøtet 17. og 18. oktober. Det er ynskjeleg at vi får til å senda ein person til og Ørjan vurderer om det mogeleg for han å reisa i tillegg til Manuela.

 
13/18 Ymse

–  Vervekampanjen : Utsendinga av brev til alle folkebiblioteka gav oss dessverre berre to nye medlemmer. Korleis skal vi få til å rekruttera fleire medlemmer? Fast tekst om innmelding i NBF når vi inviterer til kurs? Lokka med nedsett pris for medlemmer?

– Ørjan er vorte medlem i «Utval for digitaltilgang», som skal jobba for digitale tenester til folk via biblioteket.

– Ynskjeleg med ei nøytral e-postadresse til lokalavdelinga. Manuela opprettar ei gmail-adresse.

 
14/17 Nytt møte

Dato: 23. oktober i samband med kurset om profilering

Stad: Bergen bibliotek

 

referent: Guri Aarhus