Referat frå styremøte 2.mai 2018

Desse møtte: Ane Landøy (frå landstyret), Manuela Werler, Kari Fauskanger,
Elena Beardy, Guri Aarhus, Ørjan Persen (deler av møtet) og Per Vold
(deler av møtet)

1/18 Godkjenning av referat frå årsmøtet.
Det var ingen merknadar til referatet
2/18 Konstituering av styret
Alle held fram med ei oppgåvene dei har hatt, Ørjan Persen overtek vervet som informasjonsansvarleg etter Per Vold.
Leiar: Manuela WerlerNestleiar: Inger DyrnesliKasserar: Kari Fauskanger
Informasjonsansvarleg : Ørjan Persen

Skrivar: Guri Aarhus

Vara: Elena Beardy og Terje Haugsgjerd

3/18 Oppsummering av «Det bergenske bibliotekseminar»

Svært vellukka seminar. 46 nøgde deltakarar frå heile landet.
Presentasjonane vert ettersende til deltakarane.

Inntekter: ca. 19 000,-

Utgifter: ca 24 000,-

4/18 Medlemsverving

NBF Hordaland vil prøva å verva fleire medlemmer. Vi startar med eigne tilsette på folkebiblioteka (og skulane?)

Lagar informasjonsskriv og sender til alle folkebiblioteka i fylket.

Det kom også opp ein ide om å utfordra alle biblioteksjefane på å skaffa bibliotekvenner mellom kommunepolitikarane.

5/18 Vår/sommarseminar 2018

Skal vi arrangera eit oppfølgingsseminar etter foredraget til Håvard Legreid på «Det bergenske bibliotekseminar». Workshop med profil/merkevarebygging.

Dato: 12. juni eller 19. juni?
Stad: UBB?

Budsjett: ?
Betaling: Vi ynskjer at det skal vera gratis for medlemmer og 300,- for dei som ikkje er medlemmer

6/18 Underslag av pengar på bedriftskortet til NBF Hordaland

Det er vorte teke ut pengar på bedriftskortet til NBF Hordaland av personar som ikkje skal ha tilgang til dette kortet. Nokre av pengane er betalte attende, men mesteparten manglar framleis. Saka vil verta meldt til politiet.
Manuela orienterer NBF sentralt.

7/18 Ymse

Ane Landøy refererte frå Hovudstyret

·         Gode tilbakemeldingar på Landsmøtet. Neste landsmøte i 2020 vert i Haugesund

·         Saker det vert jobba særleg med no er: IFLA Global Vision og Globale   bærekraftsmål

Referent: Guri Aarhus