Historikk

Den 22. oktober 1938 vart Hordaland biblioteklag skipa i Bergen. Lover vart vedtekne og styre valt.

Frå arkivet, eit skriv frå styret i Hordaland biblioteklag  «til styret for boksamlingi» :
«Folke- og skuleboksamlingane hev ei stor uppgåva å arbeida for: kunnskap, upplysning og daning. …»
Sjå meir frå skipinga:
Skiping Hordaland Biblioteklag 1938 (pdf)
Lover for Hordaland Biblioteklag 1938 (pdf)

Hausten 2013 feira laget 75 år.
NBF Hordaland 75 år – jubileumssong 22.10.2013 (pdf)

NBF avd Hordaland fekk seg nettside i november 2001. Sida har vore brukt til diverse informasjon om aktiviteten, innkallingar og referat, kurs- og konferansar, fråsegner m.m.
Adressa til sida: http://nbf.bibliotekivest.no/ (info frå  2002 til 2013/14)

NBF avd Hordaland, adresse ny nettside frå februar 2014:
http://hordaland.norskbibliotekforening.no/

Ein del av arkivet til Hordaland biblioteklag / Norsk bibliotekforening avd. Hordaland vart hausten 2013 avlevert til Hordaland fylkesarkiv, og plassert i magasin der. Arkivmaterialet hadde tidlegare vore plassert på Hordaland fylkesbibliotek og heime hos tidlegare styremedlemer i laget.
Arkivet inneheld diverse korrespondanse og informasjon om lagsaktivitetar, studieturar, møte og kurs, møtereferat, rekneskap, brosjyrer, avisklipp m.m. I tillegg er der papirkopi av det meste frå den gamle nettsida til laget, for åra 2002-2013/14.