Referat frå styremøte 27.11.2017

Til stades: Inger Dyrnesli, Kari Fauskanger, Ørjan Persen og Manuela Werler

Stad: Litteraturhuset

1. Referatet frå førre styremøte vart godkjent.

2. Aktivitetstilskot

Planlagde aktivitetar i 2018:
Årsmøte 21.mars med kåring av Årets bibliotek i Hordaland
18.april Yggdrasil ( Det som før heitte Neptun-seminaret).
Sommarmøte
Haustmøte
Søkjer om 20 000,- kr. Manuela søkjer om dette
Økonomien i 2017 er ok.

3. Beretning til bibliotekmøtet i Sandefjord 14.- 16.mars

Manuela lagar eit utkast. Fristen er 10.januar.

4. Årsmøte

Årsmøtet blir på Verdas poesidag 21.3. kl. 17 på BOB.
Årsmøte i kantina og utdeling av prisen for årets bibliotek i Amalies Hage kl. 18.30.
Inger spør Ragna Helene Vestrheim om ho vil halda fram i valnemnda. Manuela spør den andre som var i valnemnda i fjor.
Manuela lagar skjema for nominering i februar.
Me vel blant dei tre som har fått flest stemmer.

Ymse
Budsjettkutt i Odda. Manuela har kontakt med Hardanger Folkeblad. Det blir intervju eller lesarinnlegg frå NBF.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *