Referat til styremøte 3.10.2017

Styret i NBF Hordaland på besøk hos vinneren av Årets bibliotekpris Årstad videregående skole

Dato:                 3. oktober 2017
Stad:                  Årstad videregående skole – biblioteket (Årets bibliotek i Hordaland i 2016/2017)
Til stades:       Kari Fauskanger, Inger Dyrnesli, Per Vold, Manuela Werler og Guri Aarhus.
Sunniva Relling Berg og Eldrid N. Sørnes deltok også på møtet

Saksnr Skildring Ansvarleg
15/17 Godkjenning av referat frå 31. mai 2017.
referatet var godkjent utan merknader
16/17 Nasjonal bibliotekdag

Vi hadde ein rask gjennomgang av kva vi visste skjedde rundt i fylket denne dagen. Det var ein heil del aktivitet, og vi håpar enno fleire bibliotek er med å markerer dagen i 2018.

Tidspunktet er lite ideelt for særleg for skulebiblioteka, men dagen må vera før valet.

17/17 Organisasjonsmøte
Manuela reiser til organisasjonsmøte, og tek med seg saka om e-bok lydbøker vidare
18/17 Bibliotekfestival på BOB
Tidspunkt: 2. – 4. november 2017
Bergen off. bibliotek er 100 år i 2017, og i høve jubileet vil
Norsk bibliotekforening avd. Hordaland prøva å arrangera eit foredrag med eit historisk tilbakeblikk på perioden.
Tove Pemmer Sætre vert spurt om å halda foredraget.
Kari
19/17 Julemøte

Det vert julemøte for NBF og NFF sine medlemmer på Litteraturhuset 29. november kl. 19.00

Per kontaktar forfattar til opplesing

20/17 Skulebibliotekarstillingar i Hordaland

I staden for at det skal verta fleire fagutdanna bibliotekarar på dei vidaregåande skulane vert det no færre fordi ledige stillingar er overtekne av lærarar utan bibliotekkompetanse. Bibliotekarforbundet har sendt ei bekymringsmelding, og denne støttar vi. Kari og Guri formulerer eit brev til Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen

Kari/Guri
21/17 Bibliotekbudsjetta i kommunane
Vi har ikkje motteke bekymringsmeldingar frå kommunane enno, og vi håpar sjølvsagt at vi slepp dette.
22/17 Økonomi

Kari orienterte om økonomien, og det er ingen grunn til uro. Vi har økonomi til det vi ynskjer å gjennomføra.

23/17 Ymse orienteringar

–          Vi har fått spørsmål frå NFF om NBF, Hordaland har stipendordning for medlemmer. Det har vi ikkje gjort til no og vi finn det heller ikkje aktuelt no.

–          Det er funne att ei klubbe som er merka med «Hordaland biblioteklag». Fylkesbiblioteket har sagt dei kan ha den på lager.

–          Neptunseminaret

Her må arbeidet starta ganske snart. Manuela tek kontakt med BF og fylkesbiblioteket for å starta arbeidet med neste års konferanse.

Mogelege tema kan vera

* Bibliotekdidaktikk

* Kommunesamanslåing og bibliotek

     –      Skulebibliotekarane i, Sogn og Fjordane, Rogaland og
Hordaland skal samlast i Bergen 6. – 7. november.
Manuela er beden som å halda eit innlegg som leiar i NBF
Hordaland medan Sunniva er beden som å halda eit
innlegg frå NBF Skole.

24/17 Neste møte: