Kvalifikasjonskrav i skolebibliotekene i Hordaland

I Hordaland har det i det siste blitt praksis å ansette overtallige lærere når en skolebibliotekarstilling hos videregående skoler ble ledig.

NBF Hordaland stiller seg svært kritisk til dette og sendte en bekymringsmelding til fylket og fylkespolitikere.

Teksten var følgende:

 

 

 

Kvalifikasjonskrav i skulebiblioteka i Hordaland

Norsk bibliotekforening avd. Hordaland er gjort kjend med at det den siste tida er tilsett lærarar i ledige skulebibliotekarstillingar fleire stader i Hordaland.

Det er mindre enn eit år sidan Hordaland fylkesting vedtok strategiplanen for skulebibliotek, «Skulebibliotek. Kunnskapskjelde, kulturberar og sosial møteplass».

I plandokumentet heiter det mellom anna: «Gode skulebibliotek som kunnskapsformidlar og sosial møteplass kan spele ei viktig rolle for å nå mål og ta tak i sentrale utfordringar i dagens skule. Skulebibliotek høyrer med i utforming av ein skule for framtida, der kvalitet og trivsel er sentrale verdiar. Skulebiblioteka skal støtte og fremje utdanningsmåla til skulen.»

For å oppnå desse måla, er det sett opp tre strategiar, der den eine er å styrke den bibliotekfaglege kompetansen på skulebiblioteka.

Strategiplanen baserer seg på forskning der det mellom anna heiter: «Utviklinga av skulebiblioteka som læringsarena, kulturarena og reell, pedagogisk støtte kan berre realiserast fullt ut med fagutdanna personale. (Barstad, Audunson, Hjortsæter & østlie, 2007)»

Dei siste åra har dei vidaregåande skulane i Hordaland styrka kompetansen med fagutdanna bibliotekar på mange skular, men framleis er det langt att. Strategiplanen for skulebibliotek viser at det i 2016 var 16,5 årsverk fagutdanna bibliotekar i dei vidaregåande skulane i fylket, medan høveleg bemanning  er 34-38 årsverk. Altså ei dobling i høve til situasjonen i fjor. I staden for å styrke kompetansen i skulebiblioteka, har vi det siste året sett at fleire ledige stillingar og vikariat er erstatta med overtallige lærarar og at enkelte stillingar ikkje er lyste ut. Dette er ei forverring og altså i strid med strategiplanen for skulebibliotek.

Styret i NBF Hordaland ser med uro på utviklinga og meiner den praksis vi no er vitne til, er i strid med målet i strategiplanen om at alle elevar i videregående skular skal ha tilgang til skulebibliotekar.

NBF Hordaland ber derfor Fylkeskommunen ta omsyn til sin eigen strategiplan og sikre at skuleelvar i den vidaregåenda skulen får tilgang til fagutdanna bibliotekpersonale på alle skulebiblioteka i Hordaland.

Med venleg helsing

Manuela Werler

Leiar

Norsk Bibliotekforening avd. Hordaland