Referat frå styremøte i NBF Hordaland 31.5.17

Dato: 31. mai 2017
Til stades:      Kari Fauskanger, Inger Dyrnesli, Per Vold, Manuela Werler, Ørjan Persen og Guri Aarhus

8/17 Godkjenning av referat frå styremøte: Referatet vart godkjent utan merknader

9/17 Praktiske ting ang. møtet om Biblioterapi : 

  • Manuela presenterer føredragshaldane
  • Det vert servert frukt og drikke på møtet.

10/17 Ebok-initiativet : Det kom gode tilbakemeldingar på innlegget til Ørjan på Bibliotek-Norge. Saka vart teke opp med Nasjonalbiblioteket på møte 30. mai.
Planar framover 

  • Nasjonal bibliotekdag : Påminning om Nasjonal bibliotekdag kom på BibliotekNorge-lista 30. mai. Manuela sender ut påminning til biblioteksjefane før sommarferien.
  • Neptunseminaret: Manuela håpar at NBF, BF og fylkesbiblioteket får til eit planleggingsmøte før sommarferien. Manuela og Per deltek frå NBF

 

11/17 Julemøtet : Planlegging etter sommarferien. Det var vellukka å ha det på Litteraturhuset, så kanskje vi også skal gjera det?

Bibliotekfestivalen på BOB : 2. – 4. november. Skal vi ha arrangement her? Kva skal evt. vera tema? Er det noko program som er planlagt som vi kan vera medarrangør på?

12/17 Økonomi: Alle måtte signera på at kasseraransvaret er gått frå Per Vold til Kari Fauskanger

13/17 Ymse :

  • Det nye biblioteket i Samnanger : Det nye biblioteket i Samnanger vert opna 16. august 2017. Kari reiser dit og overleverer ein blomsterbukett.
  • Organisasjonsmøte i NBF: Det er møte i haust, og det er kjekt om fleire kan reise. Vi veit ikkje tidspunkt enno, så dette kjem vi attende til.

14/17 Nytt møte: Tidspunkt: slutten av september/ byrjing av oktober, stad: Årstad vgs

Referent: Guri Aarhus

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone