Referat frå styremøte, 31. mai 2017.

Møtereferat Norsk bibliotekforening avd. Hordaland
Dato: 31. mai 2017
Til stades:  Kari Fauskanger, Inger Dyrnesli, Per Vold, Manuela Werler, Ørjan Persen
og Guri Aarhus

Saksnr Skildring Ansvarleg
8/17

 

Godkjenning av referat frå årsmøte

Referatet vart godkjent utan merknader

9/17 Praktiske ting ang. møtet om Biblioterapi

–         Manuela presenterer føredragshaldane

–         Det vert servert frukt og drikke på møtet.

10/17 Ebok-initiativet

Det kom gode tilbakemeldingar på innlegget til Ørjan på Bibliotek-Norge.  Saka vart teke opp med Nasjonalbiblioteket på møte 30. mai.

11/17 Planar framover

Nasjonal bibliotekdag

Påminning om Nasjonal bibliotekdag kom på BibliotekNorge-lista 30. mai. Manuela sender ut påminning til biblioteksjefane før sommarferien.

 Neptunseminaret

Manuela håpar at NBF, BF og fylkesbiblioteket får til eit planleggingsmøte før sommarferien. Manuela og Per deltek frå NBF

 Julemøtet

Planlegging etter sommarferien.

Det var vellukka å ha det på Litteraturhuset, så kanskje vi også skal gjera det?

 Bibliotekfetivalen på BOB

2. – 4. november. Skal vi ha arrangement her?

Kva skal evt. vera tema?
Er det noko program som er planlagt som vi kan vera medarrangør på?

12/17 Økonomi

Alle måtte signera på at kasseraransvaret er gått frå Per Vold til Kari Fauskanger

13/17 Ymse

Det nye biblioteket i Samnanger

Det nye biblioteket i Samnanger vert opna 16. august 2017.
Kari reiser dit og overleverer ein blomsterbukett.

Organisasjonsmøte i NBF

Det er møte i haust, og det er kjekt om fleire kan reise. Vi veit ikkje tidspunkt enno, så dette kjem vi attende til.

14/17 Nytt møte

Tidspunkt: slutten av september/ byrjing av oktober

Stad: Årstad vgs

Styre, 31. mai 2017, Kronstad.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone