Referat frå styremøtet, 04.april 2017

Dato: 4. april 2017
Til stades: Kari Fauskanger, Inger Dyrnesli, Per Vold, Manuela Werler, Ørjan Persen og Guri Aarhus

1/17
Godkjenning av refrat frå årsmøte:  Referatet vart godkjent utan merknader

2/17
Konstituering av styret 2017/2018

  • Leiar: Manuela Werler
  • Nestleiar: Inger Dyrnesli
  • Kasserar: Kari Fauskanger
  • Informasjonsansvarleg: Per Vold
  • Skrivar: Guri Aarhus
  • Varamedlemmer : Ørjan Persen og Terje Haugsgjerd

    3/17
    Vårmøte

Dato:  31. mai kl. 13.00 – 15.00
Stad:   Peisestova på Høgskulen på Vestlandet, Bergen

Tema: Shared reading – forskingsbasert biblioterapi

Foredragshaldarar: Linda Schade Andersen og Thor Tangerås.

Dette vert eit todelt opplegg med

Del 1: Forsking  på metodikk og verknadar

Del 2: Shared Reading i praksis

Økonomi: Foredragshaldarane skal ha 4000,- kvar + dekking av reiseutgifter.

Deltakaravgift: 200,- for personlege medlemmer av NBF
300,- for ikkje-medlemmer

100,- for nye medlemmer og studentar

4/17
Økonomi
Per orienterte kjapt om den økonomiske stoda.

Pr. 1.1. hadde vi 16 000,- på konto, og med aktivitetstilskot frå NBF sentralt på 15 000,- og betaling frå Hordaland fylkesbibliotek på 4000,- for Neptunseminaret vil det seia at vi har om lag 35 000,- til disposisjon.

Aktivitetstilskotet vart på 15 000,-, ikkje 25 000,- som vi søkte om.

Per set Kari inn i økonomien og dei ordnar med fullmakter osv.

5/17
Aktivitetar framover

  1. Samarbeid med NFF:
    NFF ynskjer tilgong til medlemslistene våre for å sjå om det er medlemmer hos oss som bør vera medlemmer hjå dei.
  2. Neptunseminaret:
    Bibliotekarforbundet i Hordaland v/leiar Ritha Helland ynskjer eit samarbeid med NBF om Neptunseminaret. Manuela vert innkalla til møte. Per ynskjer også å vera med i planlegginga her.
  3. Nasjonal bibliotekdag:
    Skal vi gjera noko 1. september?
    Paneldebatt i samband med valet?
    Vi ynskjer oss nye brosjyrar  og ting vi kan dela ut, og håpar NBF sentralt produserer noko i samband med stortingsvalet.

    6/17
    Ymse

Lydbøker i ebokformat er framleis mangelvare, og det verkar som om ingen tek tak i saka. Ørjan lagar utkast til eit ope brev til NBF sentralt der vi ber dei ta saka vidare til Nasjonalbiblioteket og Kulturdepartementet for å få forgong i saka.

7/17
Nytt styremøte
Høgskulen på Vestlandet, avd. Kronstad 31. mai kl. 11.00

Referent: Guri Aarhus

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone