Referat frå årsmøtet i NBF avd Hordaland 21. Mars 2017

Det var 14 deltakarar på årsmøtet. 

Saklista:

  1. Opning – Manuela Werler ønskte alle velkomne.
  2. Val av møteleiar og referent. Manuela Werler vart vald som møteleiar og Bente Bing Kleiva vart vald som referent.
  3. Godkjenning av innkalling og dagsorden. Desse vart godkjent.
  4. Årsmelding 2016. Årsmeldinga vart lesen opp av leiaren og godkjent. Styret fekk gode tilbakemeldingar på alle tiltaka og den høge aktiviteten som har vore i laget.
  5. Rekneskap for 2016. Rekneskapen vart lesen og godkjent.
  6. Handlingsplan for 2017. Planen vart lesen opp og godkjent.
  7. Innkomne forslag. Det hadde kome inn eit forslag, men det vart avvist av årsmøtet og sendt vidare til relevant instans.
  8. Budsjettforslag 2017. Budsjettet vart gått igjennom og godkjent. Neptunseminaret vart etterspurt. Det skal ikkje vere Neptunseminar før våren 2018.
  9. Det var berre Bente Bing Kleiva som stod på val dette året, ho går ut av styret og Kari Fauskanger kjem inn. Det er trong for to vararepresentantar i styret. Terje Haugsgjerd vert nytt varamedlem.

Valkomite har vore: Anne Haugen Pihl og Ragna Helene Vestrheim.

Bente Bing Kleiva vart takka av frå styret med blomar og gode ord.

 

Ref. Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone