Referat frå møtet 31. Januar 2017 NBF avd Hordaland

Desse møtte: Manuela Werler, Per Vold, Guri Aarhus, Ørjan Persen, Bente Bing Kleiva; Inger Dyrnesli hadde forfall.

Saker:

  1. Godkjenning av referat. Referatet vart lese opp og godkjent.
  2. Førebuingar til årsmøtet. Årsmøtet vert 21. mars kl.19.00, papira til årsmøtet må sendast ut 21. Februar. Valkomiteen er ferdige med sitt arbeid og har fått gode kandidatar til styrevervet. Bente ser igjennom handlingsplanen og sender den til Manuela, vi held på noverande handlingsplan, men får inn eit punkt om etablering av ei arbeidsgruppe om framtidas mediar.
  3. Årets bibliotek. Pr dato har vi fått inn 10 nomineringar, vi har jurymøte pr e-post etter 13. 2. På utdelinga av prisen skal eit skulebibliotek, eit fagbibliotek og eit folkebibliotek få presentere seg.
  4. Sommarmøte. Vi må endre dato for sommarmøte – det vert no 31. mai kl.13 -15. Tema vert biblioterapi. (Inger ønskjer å skifte tema og Manuela sjekkar kvifor) – om tema vert det same har vi framlegg om følgjande førelesarar: Tor Magnus Tangerås, som har skreve dr.avh om litteratur som terapi, Kirsten Muhle, Sandefjord bibliotek og tiltak i biblioteka og ein representant frå Haugesund bibliotek som har arbeid med prosjektet: Språk som terapi. Manuela snakkar med Tangerås, Per med Haugesund bibliotek og Guri snakkar med Kirsten Muhle. Dette temaet kan og vere interessant for studentar ved HiB, vi snakkar med Trude Færevåg om eit eventuelt samarbeid.
  5. Ymse. Det var ingen saker her.

Ref

Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone