Referat frå styremøte i NBF avdeling Hordaland 13.12.16

Saker:

  1. Referatet vart godkjent
  2. Oppsummering av tre seminar/møte:

Neptunseminaret: Vi fekk 20 svar frå deltakarane, dei var stort sett nøgde. Vi vil flytte seminaret tilbake til hotell Neptun og ha max 60 deltakarar. Seminaret skal framleis haldast annakvart år.

Debattmøte: Sjølv om det var nokre misforståingar når det gjaldt innleiarar og det var etter måten få deltakarar, var møtet vellukka. Debattleiaren Kari Utkilen var godt førebudd og det var innleiarane Ruth Ørnholt, Jon Askeland og Kari-Anne Landro og.

Julemøtet NFF/NBF: det var ca 40 deltakarar i Boksalongen på Litteraturhuset , arrangementet var vellukka og kan gjentakast.

  1. Økonomi. Den er betre enn frykta, det ser ut til at vi har eit lite overskot!
  2. Aktiviteter i 2017.

Julemøtet – vi har ansvar for dette og tar sikte på Litteraturhuset.

Sommarmøtet – haldast på BoB 7. juni. Tema: Biblioterapi, lesing, lytting, internasjonalisering. Inger høyrde foredrag av Linda Schade Andersen om biblioterapi, dette var svært bra og vi tar sikte på å engasjere henne. Vi søker aktivitetstilskott på kr.25.000.- til dette. Ørjan sjekkar om Auditoriet er ledig.

  1. Valkomité: Manuela spør Anne Pihl (ho sa ja), Ørjan spør Ritha Helland (ho sa nei), Bente spør Ragna Helene Vestrheim (ho sa ja). (2.1.17  Guri spør Trude Bergersen).

Styret treng eit styremedlem og ein ny vara.

6  Per kom med framlegg om ei gruppe som skal arbeide med framtidas mediar

I Sverige har dei Ekspertnettverk – Per sjekkar med Svensk Bibliotekforeining   kva for type arbeid dette nettverket gjer.

  1. Ymse: Artikkelen om biblioteket i Samnanger er sendt til BA og til politikarane i

Samnanger. ( Samnanger er redda 🙂  )

Årets bibliotek 2016. Vi lyser ut nominering i januar  med tilbakemelding

innan  13. Februar. Vi deler ut prisen på årsmøtet der dei nominerte får

presentere seg.

Neste møte? Siste veka i januar – endeleg dato er ikkje fastsett.

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone