Referat frå styremøte i NBF avd Hordaland 25. oktober 2016

Desse møtte: Manuela Werler, Guri Aarhus, Per Vold, Inger Dyrneslid, Øjan Persen, Bente Bing Kleiva 25102016

Gjest frå NBF/HS: Anne Landøy

Saker:

  1. Referat frå førre møte: Referatet vart godkjent
  2. Orientering frå saker på Organisasjonsmøtet i NBF 19. Og 20. Oktober 2016. Bente orienterte med innspel frå Anne Landøy. Orienteringa vart teken til vitande.
  3. Det er til no berre 19 påmelde, dette betyr at alle må sende påminning til alle vi kjenner for å få fleire med. Vi må betale for 75 deltakarar i følje kontrakten, slik at vi kan gå mot eit større underskot. Manuela legger ut ei ny melding og tek kontakt med enkelt personar for å få fleire med.

Bente tar ansvar for registreringa om morgonen, andre i styret tek førefallande oppgåver.

  1. Skandinaviafest – debattmøte 10. november. Dei som skal delta i debatten er Jon Askeland, ordførar i Radøy kommune, Ruth Ørnholt, fylkesbiblioteksjef, Pernille Droste, nasjonalbibliotekar Danmark. Kari Utkilen, biblioteksjef i Austrheim er debattleiar. Per ser til at alle har mikrofon og at dei fungerer. Alle frå styret som kan møte gjer nytte for seg der det trengs. Manuela kjøper ei lita gåve til dei fire.
  2. Reportasje om lokallaget i Bok og Bibliotek. Kathinka Evans kjem den 10. november for å snakke med oss og ta eit bilete. Vi må lage ein tekst om kva vi har gjort i det siste. Guri startar på teksten.
  3. Økonomi. Per refererte utskriftene frå bankkontoen, det er no kr.30.861.- på kontoen, slik at vi kan planlegge kjekke ting etter jul.
  4. Julemøtet: Det er NFF som har ansvaret i år, dei arbeider med eit opplegg på Litteraturhuset. NFF har bra økonomi og kan tåle både husleige og honorar til ein forfattar utan at inngangsbilletten skal bli meir en kr.50.-. Vi kan ikkje ta sikte på tilsvarande, så i 2017 får vi ha arrangementet i kafeen på BoB, ein debuterande forfattar og ein avtale med Norli om bokkjøp. Dette er ein idé å tenke nærare på..
  5. Nytt møte 6. Desember kl.13.00, lunsj på Lysverket (om vi ikkje går på eit gigant underskot med Neptunseminaret)

 

Ref. Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone