REFERAT FRÅ STYREMØTE I NBF AVD. HORDALAND 06.09.16

Desse møtte: Manuela Werler, Per Vold, Guri Aarhus, Ørjan Perssen, Inger Dyrnesli, Bente Bing Kleiva

Saker:

  1. Godkjenning av referat frå møtet 30.5.16. Referatet vart godkjent.
  2. Nasjonalbibliotekdag – oppsummering:

Det var noko aktivitet på fb-sida vår, men ikkje mykje. Det vi til no har oversikt over er:

Bergen bibliotek: Litterær lunsj med Silje Fagerlund og eit kveldsarrangement om Marguerite Duras

Voss folkebibliotek hadde lokal quiz, ein for vaksne og ein for barn. Dei hadde og ei notis i avisa og brukte logoen.

Askøy vgs hadde arrangement og Manuela Vart intervjua av Askøyværingen om ståa på Askøy bibliotek.

Vi vart samde om å oppmode biblioteka til å dele sine aktivitetar denne dagen også på fb-sida vår.

  1. Julemøte. Det er i år NFF som har ansvaret for julemøtet. Dei har vore i kontakt

med Boksalongen og Ark/Beyer om arrangementet men førebels er ingenting avklart. Styret meiner det er ein god ide å halde fram med julemøtet slik det har vore. Om dette ikkje let seg gjere er vi opne for andre opplegg. Manuela heldt kontakten med styreleiar for NFF.

  1. Organisasjonsmøte for NBF i Oslo 19. og 20. Oktober. Manuela og Bente reiser.
  2. Status Litteraturfestival 10.11.16

Vi har invitert og fått positivt svar frå Pernille Dysthe, Ruth Ørnholt og Jon Askeland. Vi treng debattleiar og Bente spør Kristin Storvig som er prosjektleiar for kummunereformogbibliotek.no om å presentere prosjektet og leie debatten. Manuela tar kontakt med Bente Fosse og ber om eit innlegg frå salen, anten frå ho eller ein politikar.

Per sjekkar om vi kan ha eit innslag med eit kunstprosjekt til innleiing. Vi treng ein tekst til programmet. Vi snekra eit framlegg, men dette kan endrast, frist til onsdag 7.9. Send melding til Per.

Status Neptunseminaret 3. November.  Her er det meste under kontroll. Nasjonalbibliotekaren Aslak Sira Myhre kjem, men vi veit enno ikkje kva han vil snakke om… Fylkesbiblioteket tek ansvar for påmeldinga, dette kjem snart. Vi må fordele oppgåver på neste møte.

Neste møte er 25. Oktober kl.14.00 på BoB.

Vi må ta opp økonomi på dette møtet og ha det som eit fast punkt på saklista.

Ref. Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone