REFERAT FRÅ STYREMØTE I NBF AVD. HORDALAND 30.5.16

Desse møtte: Manuela Werler, Inger Dyrnesli, Guri Aarhus, Per Vold, Ørjan Persen og Bente Bing Kleiva.

Saker:

  1. Godkjenning av referatet frå møtet 12.4.16. Godkjent making
  2. Gjennomføring av Vårmøtet. Dei praktiske sakene vart gjennomgått, MAKERspace startar sitt føredrag, kort pause med mat og Ørjan heldt fram med føredraget om kassering. Under dette punktet vart det og diskutert korleis vi kan verve fleire medlemmar. Vi har no fått fem nye medlemmar, noko som er bra! – men vi vil gjerne ha fleire! Bente tek kontakt med Per Olav Kaldestad og ber han utfordre sine kollegar i Hordaland til å verte medlemar i NBF. Vi snakka og om at det hadde vore greitt med fleire deltakarar på seminaret, det var meldt på 11 – 16 med styret (det var totalt 14 som var tilstades).
  3. Nasjonal bibliotekdag 1.9.2016. Kva gjer vi? Vi bør skrive ein avisartikkel og prøve å få den inn i BA, evt lokalaviser. Manuela sjekkar med NBF sentralt om dei lagar noko stoff/materiell til dagen. Vi sender påminning om Bibliotekdagen til alle biblioteksjefar. Ved kommunevalet i 2015 vart det gjeve mange bibliotekløfte, kva har skjedd med dei? Det er no første gong dei nye kommunestyra skal vedta eit budsjett, er biblioteka prioritert i desse? Tema for haustmøte? (Sjå pkt 5 Ymse)Om nokon har ein god idé for markering av Nasjonal Bibliotekdag – send dette til Manuela.
  4. Økonomi. Per har no fått overdratt kontoopplysningar og tilgang til denne. Vi har for tida kr.11.000.- på konto. I dette beløpet ligg og grunntilskotet, men vi har enno ikkje fått aktivitetstilskotet. Manuela tek kontakt med NBF for å be om overføring. NFF har kr.9.000.- på konto som skal gå til Neptunseminaret og vi har sett av kr.10.000.- til underskot om det er naudsynt.
  5. Under pkt 2 snakka vi om korleis vi kan får fleire deltakarar på seminar og møte. Vi vart samde om at vi prøver å kople oss på andre seminar, møte eller festivalar. Som ei konsekvens av dette vil vi ha eit møte i samband med BoB sin litteraturfestival 10. – 12. november. Tema skal vere bibliotek og kommunereform, torsdag 10. november kl.12.00 – 13.30(?). Vi spør Pernille Dysthe (Per/Ørjan) Ruth Ørnholt (Guri) og ordførar på Radøy Jon Askeland (Bente). Frist om å bekrefte foredragsholdere: 6.9.!

Facebook  – Vi har ei gruppe med liten aktivitet. Vi gjer denne om til ei lukka gruppe berre for styret og lager ei side for NBF Hordaland (Guri). Vi kan lodde ut eit medlemskap til dei som likar sida. Det er viktig at vi legg ut positive ting på sida, ikkje berre sukk og sutring.

 

Neste møte vert 6. September kl.14.00 på BoB

Referent: Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone