Referat frå styremøtet NBF avdeling Hordaland 01.03.2016

Desse møtte: Manuela, Guri, Ørjan, Bente       Forfall: Per og Inger

 Saker:

  1. Godkjenning av årmøte referat: Referatet vart godkjent
  2. Konstituering av styret: Leiar vart vald på årsmøtet, det var Manuela.

Andre oppgåver vart fordelte slik:

  • Inger – nestleiar,
  • Per –kasserar,
  • Bente – sekretær,
  • Guri – informasjonsansvarleg
  • Ørjan – er vald som varamedlem men vart oppmoda om å møte på styremøta når det var mogeleg han skal og ha alle referat og andre utsendingar.

Kasserar må ta kontakt med Eli R som var kasserar i siste styre og få overført fullmakter osv.

Manuela tar kontakt med kommunikasjonsansvarlig i NBFsentral for å leggje inn alle i nobibl-listen og at Guri får tilgang til redigeringsverktøy for heimesiden.

3. Gjennomgang av handlingsplanen. Manuela las handlingsplanen og vi vart samde om å jobbe meir med medlemsverving slik at fleire vert personlege medlemar. Vi skal sende ut informasjon til alle bibliotektilsette om kva NBF er og gjer.

Guri lager eit utkast og sender ut til styret for respons(!).

Sommermøtet vart og drøfta. Vi vil gjere meir ut av Sommermøtet og bruke det som vervingsarena. Møtet vert planlagt til torsdag 26. mai i samband med Dei litterærere festspela. Vi tenkjer oss eit kort møte med fagleg påfyll, mat og ei kulturell oppleving. T.d. Litterært Festspel med Gunnar Staalesen somvert intrevjua av Chris Tvedt på «Femte i andre».  Fagleg påfyll kan vere korte foredrag av Per – om spel og av Ørjan  – om e-bøker. Vi planlegge dette vidare på neste møte.

4. Status Neptunseminaret: Arbeidstittel for seminaret er : Brukar i fokus. Det er booka inn fire foredragshaldarar: Marit Gro Berge, Tord Høivik, Bengt Oskar Lagerstrøm og Leikny Haga Indergaard. Møtet skal haldast på Terminus.

5. Ymse: Møtedagar vert tysdagar. Neste møte vert 12. april eller 19. april. Manuela konfererer med Per og Inger.

Ref. Bente

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone