Referat frå årsmøte i NBF avd. Hordaland 9.februar 2016

Det var sju frammøtte på årsmøte.

Saklista:

  1. Opning –  Agust Magnusson ønskte alle velkomne og vi gjekk direkte på saklista
  2. Godkjenning av innkalling og dagsorden – Det har vore nokre problem med utsendinga, men alle som møtte hadde fått møtepapira og innkalling og dagsorden vart godkjent.
  3. Val av møte leiar, referent og teljekorps – Agust Magnusson vart vart til møteleiar, Bente Bing Kleiva vart vald til referent, det vart ikkje vald teljekorps.
  4. Årsmelding –  Årsmeldinga vart lesen opp og godkjent
  5. Rekneskap 2015 –  Rekneskapen vart lesen opp og godkjend med merknad om at NBF avd. Hordaland ikkje har motteken noko stønad frå fylkesbiblioteket, dei har heller ikkje betalt for deltakarar på Neptunseminaret.
  6. Innkomne framlegg – Det har ikkje kome inn framlegg frå medlemane innan fristen
  7. Handlingsplan 2016 – Handlingsplanen vart gjennomgått og fekk to nye punkt:

a) NBF avd Hordaland skal oppmode medlemane til å markere Nasjonal bibliotekdag 1. September 2016

b) Prisen for Årets bibliotek skal delast ut på Neptunseminaret 3. November 2016.

8. Budsjett 2016 –  vart gjennomgått og vedteken

 9. Val –  Manuela Werler vart vald til leiar, Guri Aarhus, Per Vold og Inger Dyrnesli kom inn i styret. Ørjan Persen vart vald til varamedlem.

årsmøte 2016Agust Magnusson, Eli Randmo og Ritha Helland vart takka av med ei lita gåve.

 Ref. Bente Bing Kleiva                 Frekhaug 15.2.2016

OBS: Konstituering av styret ved neste styremøte 1.mars 2016

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone