Årsmelding 2015

I 2015 hadde NBF avd. Hordaland desse aktivitetane:

  • Gjennomført vellykka Neptunseminar den 12. februar, med tema:  «Digital kompetanse og formidling i bibliotekene – hvordan forbreder vi oss på våre nye roller? Seminaret var gjennomført i samarbeid med Bibliotekarforbundet  i Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek og hadde 73 deltakarar. [Dette var og med i årsmeldinga for 2014]
  • Under bibliotektekdagane i juni på Panorama hotell på Sotra, vart bokbåten kåra til årets bibliotek.
  • Styret oppfordra biblioteka å markere den første  bibliotekdagen 26. august. Det vart gjort på mange vis (avisinnlegg, stend.), med stort engasjement.
  • I samband med valet vart det delt ut flygeblad og skrive lesarinnlegg med overskrifta «Ja til biblioteket» i nokre lokalaviser. Fleire bibliotek hadde og sine første politiske debattar i samband med valet.
  • Det har vore skrive fleire lesarinnlegg til Askøyværingen i samband med store  budsjettneskjeringar på Askøy bibliotek. Nest største kommunen i fylket har hatt redusert bemanning og opningstider i lengre tid.
  • Vi har støtta aksjonsgruppa mot nedlegging av Landås filial av Bergen Offentlige Bibliotek, og der vart det positivt resultat. Filialen vart ikkje nedlagd.
  • Medlemar av avdelinga har og delteke i samarbeide med bl.a. forfattarar i Bergensområdet i aksjon for å halda fram med bokbåten i Hordaland. Den får segla vidare.
  • Vi har som før hatt fleire sosiale samlingar i samarbeide med NFF og Bibliotekarforbundet. I år hadde NBF avd. Hordaland ansvar for julemøtet på Norli og det var det 29 betalande deltakarar.
  • Ein frå styret deltok på NBF sitt organisasjonsmøte på Gardemoen 29. og 30. oktober.
  • Planlegginga av Neptunseminaret 2016 er starta opp.

Det har vore halde fire styremøter i perioden.

NBF avd. Hordaland hadde 252 medlemar pr. 31. desember 2015, av disse var 86 institusjonar og 166 personlege medlemar.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek og Bergen Offentlige Bibliotek for lån av møtelokale.

Husnes, 02.02.16

Bente Bing Kleiva, Eli Randmo, Ritha Helland, Manuela Werler, Ágúst Magnússon

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone