Referat frå styremøte 10.12.2015

Desse møtte: Agust, Eli, Manuela, Bente

  1. Referatet fra 22.09. vart godkjent
  2. Julemøtet. Det var 36 påmelde, 29 betalande i alt. Totalt eit overskott på kr.340.-. Skal vi vurdere bindande påmelding til neste år? Norli nr.7 vert lagt ned, men dei tilsette har fått arbeid andre stader. Dei hadde eit fint opplegg. Kan Ark/Beyer vere eit alternativ? Neste år er det NFF som har julemøtet.
  3. Bibliotekaksjonane: Bokbåten – vellukka! Landås vart redda! Bra jobbing frå Manuela!
  4. Så langt vi veit er det ingen store katastrofer i Hordaland, men jamt over er det låge budsjett. Ei gladmelding: Kvinnherad får ny bokbuss!
  5. Årsmøtet i NBF. Manuela reiser for oss.
  6. Årets bibliotek – vi har foreslått BoB.
  7. Årsmøte i NBF avd Hordland. Datoen vert 9.2.16. Vi må sette valkomiteen i gang. Dei som er på val er: Agust, Ritha, Manuela og Eli.

Til årsmøtet må vi ha klart rekneskap, årsmelding, handlingsplan og budsjett. Vi må ha eit styremøte tidleg i januar.

  1. Ymse:
  2. Manuela har gjort ein stor jobb med å få oss inn i Brønnøysundregistrene, tusen takk!
  3. Vi må endre type bankkonto slik at den ikkje er knytt til person.
  4. Neptunseminaret skal vere på Terminus
  5. Når nokon skriv artiklar og ber om tilbakemelding må vi vere kjappe og gjer det. Gjer det til ein vane å sende svar til alle.
  6. Facebook sida – kvifor skal den vere hemmeleg? Berre for styret?

Ref. Bente

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone