Årsmelding 2014

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2013

I 2014 hadde NBF avd. Hordaland desse aktivitetane:

Tre lesarinnlegg vart sende, to til Askøyværingen i samband med store nedskjeringar i budsjettet for folkebiblioteket på Askøy og at biblioteksjefstillinga ikkje blei lyst ut, sjølv om det er over eitt år sida den blei ledig. Trede lesarinnlegg kom i Vestnytt og omhandla konsekvensane av å flytte Sund folkebibliotek til eit mindre og ikkje så sentralt plassert lokale. Biblioteket i Sund blei verande på same staden, mens biblioteksjefstillinga på Askøy er framleis ledig.

Det vart sendt ut melding på biblioteknorge lista og til alle medlemane om å kome med framlegg til «Årets bibliotek i Hordaland». Fire forslag kom inn på  Os folkebibliotek, Biblioteket ved Askøy vidaregåande skule, Biblioteket på Høgskolen i Bergen og Bokbåten. Prisen vert utdelt på Bibliotekdagane i juni.

Julemøtet på Norli i 2014 blei arrangert tysdag 2. desember, med omlag 50 deltakarar. NFF hadde hovudansvaret i år. Monika Yndestad las frå sin siste roman «Gapestokken».

Sommaravslutninga i lag med BF og NFF, samla berre 8 personar.

To frå styret deltok på NBF sitt organisasjonskurs/kontaktmøte i Oslo.

Neptunseminaret med tema: « Digital kompetanse og formidling i bibliotekene – hvordan forbereder vi oss på våre nye roller?» var i Bergen 12. februar og hadde 73 deltakarar. Seminaret var eitt samarbeid mellom BF Hordaland, fylkesbiblioteket og NBF avd. Hordaland. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane.

Det har vore halde fem styremøter i perioden.

NBF avd. Hordaland hadde 238 medlemmer pr. 31. desember 2014, av desse var 88 institusjonar og  150 personlege medlemmer.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale.

Bergen, 02.03.15

Bente Bing Kleiva, Eli Randmo, Ritha Helland, Manuela Werler, Ágúst Magnússon

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone