REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 17.MARS 2015

årsmøte_2015
Noen av deltakere på årsmøtet

Norsk Bibliotekforening, avd. Hordaland heldt årsmøte 17. mars 2015 kl. 17.00 -19.00, på Hordaland fylkesbibliotek, Wigandgården 2.etg, Bergen.

Saker:

  1. Opning: leiar Agust Magnusson ønskte dei frammøtte velkommen og særleg Kristin Storrusten frå NBFs sekretariat.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste. Dette vart godkjent.
  3. Val av møteleiar, referent og teljekorps. Agust Magnusson vart vald til møteleiar, Bente Bing Kleiva til referent og forsamlinga var så oversiktleg at teljekorps ikkje var naudsynt.
  4. Årsmelding 2014. Årsmeldinga vart lesen og godkjent.
  5. Rekneska 2014. Rekneskapen vart lesen opp og gått igjennom. Det blei fremma ønskje om at budsjettet for gjeldande år og kom med i oversynet slik at ein kan sjå om postane faktisk dekkjer utgiftene. Dette vil vi ta med til neste årsmøte. Rekneskapen vart godkjent.
  6. Innkomne framlegg. Det var ingen innkomne framlegg
  7. Handlingsplan 2015. Handlingsplanen vart godkjend med følgjande tillegg på eit punkt: * Halde fram med å planleggje og arrangere seminar/kurs saman med NFF, BF og evt andre fagforbund (ny) og Hordaland fylkesbibliotek.
  8. Framlegg til budsjett 2015. Framlegget vart godkjent.
  9. Val. Bente Bing Kleiva vart attvald som styremedlem, Inger Karin Dyrnesli, vart vald som ny vara. Resten av styret var ikkje på val. Agust Magnusson takka av Synnøve Gjermundsnes for lang og tru teneste i styret dei siste åra. Møte slutt kl.19

Møtet vart avslutta med ein samtale med Kristin Storrusten (kommunikasjonsrådgiver fra NBF sentral )om aktuelle tema.

Ref: Bente Bing Kleiva

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone