REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 5.MARS 2014

Arsmote2014_Bente_og_Helge_050314_redigert
Bente takkar Helge for å ha vore ein dyktig og konsekvent leiar

Norsk Bibliotekforening, avd. Hordaland heldt årsmøte 5. mars 2013 kl. 17.00 -19.00,
på Hordaland fylkesbibliotek, fylkeshuset, Agnes Mowinckels gt. 5, Bergen.
7 medlemer møtte. I tillegg møtte NBF sentralt ved organisasjonskonsulent Kristin Hamran Storrusten.

1. Opning

Helge Skurtveit opna møtet og ønskte velkomne.

2. Innkalling og sakliste

Godkjent utan merknader.

3. Val av møteleiar, referent og teljekorps

Helge Skurtveit vart vald til møteleiar, Eli Lothe til referent. Teljekorps vart ikkje valt.

4. Årsmelding 2013

Helge las opp styret sitt framlegg til årsmelding for 2013. Årsmeldinga vart godkjend.

5. Rekneskap 2013

Helge gjekk igjennom rekneskap for 2013 frå kasseraren.  Alle tal i rekneskapen stemmer, i følgje brev frå revisorane.  Men på grunn av at brev med bilag vart forseinka i posten, har ikkje revisorane fått sjekka bilaga.
Årsmøtet godkjende rekneskapen under føresetnad av at revisorar / det nye styret sjekkar rekneskapsbilaga når dei får bilaga i hende.

6. Innkomne framlegg

Det var ingen innkomne framlegg.

7. Handlingsplan for 2014

Helge Skurtveit la fram styret sitt forslag til handlingsplan for 2014.
Etter diskusjon og påføring av nokre fleire punkt vart handlingsplanen samrøystes vedteken, og er slik:

Hovudmål:
Fremje fagleg diskusjon og ei positiv utvikling i bibliotek i Hordaland.

  • Arbeide i samsvar med NBF sin verkeplan.
  • Styrkje arbeidet i lokallaget, gjennom styrearbeid og medlemsaktivitetar. Døme på medlemsaktivitetar kan vere møte, kurs, seminar og andre samlingar. I 2014 er det særleg aktuelt å lage eit temamøte om bibliotek og demokrati, i samband med grunnlovsjubileet.
  • Arrangement i samarbeid med andre, også over fylkesgrensene.
  • Halde fram med å planleggje og arrangere Neptunseminaret saman med NFF, BF og Hordaland fylkesbibliotek.
  • Arrangere julemøte i samarbeid med NFF (i år er det NFF som har det praktiske ansvaret).
  • Engasjere seg i debattar i media, t.d. ved nedskjeringar/dårlegare bibliotekøkonomi.
  • Arbeide vidare med dei nye nettsidene og informasjon elles på nett, t.d. Facebook-sider o.a.
  • Medlemsverving

8. Budsjett for 2014

Helge la fram styret sitt forslag til budsjett for 2014.
Etter litt justering vart forslaget samrøystes vedteke, og budsjettet er slik:

Utgifter   i kroner:
Temamøte   om bibliotek og demokrati

7.000

Deltaking   på Det norske bibliotekmøtet med ein person

10.000

Møte-   og styreutgifter

4.000

Deltaking   ein ekstra person på kontaktmøte

1.750

Til   saman:

22.750

Inntekter   i kroner:
Aktivitetsstøtte   NBF

15.000

Grunntilskot   NBF

7.750

Til   saman:

22.750

9. Val

Valkomitéen sitt framlegg til nytt styre vart samrøystes vedteke, og styret vert slik:

Styret:
Bente Bing Kleiva, Meland bibliotek (ikkje på val)
Eli Randmo, Bergen Offentlige Bibliotek (attval)
Ágúst Magnússon, Hordaland fylkesbibliotek (ny)
Ritha Helland, Bergen offentlige bibliotek, Loddefjord (ny)
Manuela Werler, Årstad vgs./Laksevåg vgs. (ny)

Varamedlemer:
Merete Greve Løvberg, Bergen Offentlige Bibliotek (attval)
Synnøve Gjermundnes (ikkje på val)

Revisorar:
Sigrun Elden, Os folkebibliotek (ny)
Solveig Jellestad Valland, Kvam bibliotek (ny)

Styret konstituerer seg sjølv.

***
Bente Bing Kleiva takka avtroppande styremedlemer: Helge Skurtveit, som har vore leiar sidan 2006, og Eli Lothe, som har vore styremedlem sidan 2001.

Helge ønskte det nye styret lukke til, og Eli orienterte litt om arbeidet med dei nye nettsidene, historikk og arkiv for NBF Hordaland.

***
Etter sjølve årsmøtet orienterte Kristin Hamran Storrusten om arbeidet i NBF sentralt, og bad om innspel frå lokalavdelinga. Diskusjonen varte til ca kl 19.00.
Bergen, 05.03.14

Eli Lothe
referent

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone