Årsmelding 2013

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2013buttom

I 2013 hadde NBF avd. Hordaland desse aktivitetane:

Ein stor del av arbeidet var knytt til å markere 100-årsjubileet til NBF sentralt og 75 år lokalt.

NBF sentralt sendte rundt ei lampe til bibliotek i heile landet for å markere 100-årsjubileet. I Hordaland var lampa på rundtur 2. – 25. september, frå Masfjorden til Bømlo. Lokallaget organiserte bibliotekstafetten, og sju folkebibliotek og ein vidaregåande skule hadde lesestunder med inviterte barn og vaksne, og det var både forfattarbesøk og ordførarar som kasta glans over jubileet. Dei besøkande kunne nyte kaker, brus og kaffi. Arrangementa fekk nokre stadar god mediedekning.

Stiftingsdagen for Hordaland biblioteklag, 22. oktober, hadde vi ein fest med 50 deltakarar og middag, bibliotekhistorie og språkleg underhaldning med Linda Eide og Gunnstein Akselberg. Vi fekk støtte frå Hordaland fylkeskommune til markeringa.

Osterøy bibliotek var vinnar av den nyoppretta prisen som «Årets bibliotek i Hordaland».

25. oktober var det NBF sitt jubileumskonferanse på Litteraturhuset i Oslo, og vi deltok der og på kontaktmøte dagen etter.

Vi deltok på jubileumsarrangement for Epos 50 år, 5. september i Ålesund.

I overgangen oktober til november var det ein studietur til Skottland, med deltakarar frå fylkesbiblioteket og andre bibliotek. Vi var med i ei gruppe som planla turen, og vi gav støtte til reisa.

Neptunseminaret.
Vi har ikkje hatt møte i gruppa for seminaret i år, men det er initiativ for å gå vidare med planar for å arrangere eit nytt seminar.

Det har vore halde fire styremøte i perioden.

NBF avd. Hordaland  hadde 240 medlemmer pr. 31.desember 2013, av desse var 91 institusjonar og 149 personlege medlemmer.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale og serverplass til nettsida.

Bergen, 05.03.14

Bente Bing Kleiva, Eli Randmo, Eli Lothe, Synnøve Gjermundnes, Helge Skurtveit

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone