Årsmelding 2012

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2012

I 2012 hadde NBF avd. Hordaland desse aktivitetane:

Lesarbrev om bibliotek som vart sendt til media, om nedskjeringar i bibliotek i høve til biblioteket si rolle og samfunnsoppgåve.

Det 73. norske bibliotekmøtet i Stavanger 21.-23 mars. Avdelinga deltok med to personar frå styret.

Studietur Personar frå styret har vore med i ei gruppe som arbeider med ein studietur til Skottland.

Neptunseminaret Vi har hatt møte i gruppa for seminaret, og vi vil sjå vidare om det er grunnlag for å arrangere dette.

Sosialt samver 14. juni arrangerte vi eit sosialt samver saman med Bibliotekarforbundet på Jacobs restaurant.

Litteratur og lesaropplevingar For å setje fokus på vaksne og lesing, arrangerte NBF avd Hordaland saman med Hordaland fylkesbibliotek seminaret ”Litteratur og lesaropplevingar – om poesi”, onsdag 5. desember. 25 deltakarar var med på seminaret.

Julemøte Onsdag 16. november var det årvisse julemøtet på Norli. På programmet sto besøk av Pedro Carmona-Alvarez, servering og sal av bøker med rabatt. NBF var medarrangør, og om lag 40 personar deltok.

Kontaktmøte Ein frå lokalavdelinga var med på kontaktmøte på Randsvangen 8.-9. november. Det har vore halde fire styremøte i perioden.

NBF avd. Hordaland  hadde 239 medlemmer pr. 31.desember 2012, av desse var 91 institusjonar og 148 personlege medlemmer.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale og serverplass til nettsida.

Bergen, 06.03.13 Bente Bing Kleiva, Helga Bjørg Hanssen, Eli Randmo, Eli Lothe, Helge Skurtveit

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone