Årsmelding 2011

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2011 I 2011 var NBF avd. Hordaland medarrangør på fleire kurs og møte:

Neptunseminaret Saman med Norsk fagbibliotekforening Bergen (NFF), Bibliotekarforbundet Hordaland (BF) og Hordaland fylkesbibliotek, arrangerte lokalavdelinga Neptunseminar tysdag 15. februar, med tittelen ”Bibliotekets digitale hverdag”. 106 deltakarar var med på seminaret, som vart arrangert i Terminus hall.

Bibliotek på dagsorden NBF avd Hordaland inviterte til politisk møte om bibliotek tysdag 30. august. Åtte politiske parti deltok i samtale og spørsmål om bibliotek på Bergen Offentlige Bibliotek. Møteleiar var Jan. H Landro, og det var innleiing ved Svein Arne Tinnesand, leiar av Norsk bibliotekforening (NBF) sitt hovudstyre. Om lag 50 personar kom på møtet.

Litteratur og lesaropplevingar For å setje fokus på vaksne og lesing, arrangerte NBF avd Hordaland saman med Hordaland fylkesbibliotek seminaret ”Litteratur og lesaropplevingar – om faglitteratur”, fredag 9. desember. 27 deltakarar var med på seminaret.

Julemøte Onsdag 16. november hadde NBF det praktiske ansvaret for det årvisse julemøtet på Norli. På programmet sto besøk frå Marit Eikemo, servering og sal av bøker med rabatt. NFF var medarrangør, og 43 personar deltok.

Det har vore halde tre styremøte.

NBF avd. Hordaland  hadde 243 medlemmer pr. 31.desember 2011.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale og serverplass til nettsida.

Bergen, 14.03.12 Bente Bing Kleiva, Helga Bjørg Hanssen, Eli Randmo, Eli Lothe, Helge Skurtveit

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone