Årsmelding 2010

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding  2010

I 2010 var NBF avd. Hordaland medarrangør på fleire kurs og møte:

Neptunseminaret 2010 Saman med Norsk fagbibliotekforening Bergen (NFF), Bibliotekarforbundet Hordaland (BF) og Hordaland fylkesbibliotek, arrangerte lokalavdelinga Neptunseminar onsdag 24.februar, med tittelen ”E-bøker og bibliotek”. Innleiarar var ulike aktørar innan E-bokfeltet. 95 deltakarar deltok på seminaret. Seminaret vart så populært at lokalet vart for lite, slik at me bestemte oss for å finne nytt lokale til neste seminar.

Litteratur og lesaropplevingar I samband med Leseåret 2010, arrangerte NBF avd Hordaland saman med Hordaland fylkesbibliotek seminaret ”Litteratur og lesaropplevingar – ein inspirasjonsdag”, torsdag 18.november. Seminaret fekk gode tilbakemeldingar. 55 deltakarar var med på seminaret.

Julemøtet I desember hadde NFF det praktiske ansvaret for det årvisse julemøtet på Norli. På programmet var besøk frå Chris Tvedt, servering og sal av bøker med rabatt. NBF var medarrangør, og om lag 40 personar deltok.

Helge Skurtveit deltok på kontaktmøte på Gardermoen 28. og 29.oktober.

Det har vore halde tre styremøte, eitt av dei var telefonmøte.

NBF avd. Hordaland  hadde 243 medlemmer pr. 31.desember 2010.

Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale og serverplass til nettsida.

Bergen, 14.03.11

Bente Bing Kleiva, Vibecke Svendsen, Eli Randmo, Eli Lothe, Helge Skurtveit

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone