Årsmelding 2009

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding  2009

I 2009 var NBF avdeling Hordaland medarrangør på fleire kurs og møte:

Neptunseminaret 2009 Saman med NFF, BF og Hordaland fylkesbibliotek arrangerte lokalavdelinga Neptunseminaret i januar 2009, med tittelen ”Menneske møter maskin”. Hovudinnleiar var Alexander Johannessen, som snakka om bibliotek og teknologi. Andre innleiarar var Anne Karine Sandberg, om mashup-prosjektet ”Pode” og Jill Walker Rettberg om ”Leseren i en elektronisk verden”. Lenkjer til innlegga ligg på nettsida vår under ”Møte og kurs”. 75 deltakarar var med på seminaret.

Møte om bibliotekmeldinga, 15.mai ”Bibliotek sett frå Stortinget” vart eit interessant møte om bibliotekpolitikk og framtida, sett i samband med bibliotekmeldinga. Innleiarar var Anne Hustad frå NBF, saman med representantar frå departementet, ABM-utvikling og bibliotek i Hordaland. Møtet vart arrangert saman med Hordaland fylkesbibliotek og hadde 35 deltakarar.

”Teikneseriar i tida” var eit teikneseriekurs i september med Morten Harper og Øyvind Skretteberg, som vart arrangert samstundes som Raptus-festivalen i Bergen. På kurset kom også Peter Madsen som er kjend for Valhall-serien, og han hadde eit spennande foredrag. Kurset fekk gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og vart arrangert saman med Hordaland fylkesbibliotek. 23 deltakarar.

I desember hadde NBF-avdelinga det praktiske ansvaret for det årvisse julemøtet på Norli. Programmet var besøk frå Skrivekunstakademiet, opplesing av studenttekstar, servering og sal av bøker med rabatt. NFF var medarrangør, og 38 personar deltok.

Foreininga støtta også seminaret ”Frie og åpne bibliotek”, om bruk av fri programvare, med kr 3000.

Sommartreff for medlemmene var avlyst på grunn av for lite deltaking.

Vibecke Svendsen deltok på kontaktmøte på Randsvangen 29. og 30.oktober.

Det har vore halde fem styremøte, fire av dei var telefonmøte.

NBF avd. Hordaland  hadde 238 medlemmer pr. mars 2010. Avdelinga takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale og serverplass til nettsida.

Bergen, 08.03.10

Bente Bing Kleiva, Vibecke Svendsen, Inga Jorunn Nåmdal, Eli Lothe, Helge Skurtveit

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone