Årsmelding 2008

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2008/09

Årsmøte i Norsk Bibliotekforening avd. Hordaland vart halde på Hordaland fylkesbibliotek 12. mars 2008.

Følgjande styre vart valt:

Styret Inga Jorunn Nåmdal, 2008-2010 (kasserar) Krassi Rynning, 2008-2010 Helge Skurtveit, 2008-2010 (leiar) Eli Lothe, 2008-2010 (skrivar) Vibecke Svendsen, 2007-2009

Varamedlemer Marit Gro Berge, 2009 Baiba Eglite Børslien, 2009

Revisorar Aslaug Høyland Holmås, 2009 Bente Bing Kleiva, 2009

Valnemnd Årsmøtet gav styret fullmakt til å finna personar til valnemnda. Marit Gro Berge og Helga Bjørg Hanssen har vore valnemnd.

Aktivitet:

Styret har hatt tre styremøte i perioden (mai og september 2008 og februar 2009).

Etter at arbeidet med Det 71.norske bibliotekmøtet var avslutta frå den forrige perioden, har førebuinga til ”Neptunseminaret” vore den største aktiviteten i 2008. Sjølve seminaret vart halde 21.januar 2009, med overskrifta: ”Menneske møter maskin – Bibliotekets muligheter i en digital tid”, og seminaret var eit samarbeid mellom NFF, BF, NBF og fylkesbiblioteket. Påmeldinga til seminaret var god, og 74 personar deltok.

Planar om andre kurs/seminar blei av ulike grunnar utsett til neste periode.

Helge Skurtveit møtte på kontaktmøte for tillitsvalde 23.-24.oktober 2008.

I samarbeid med NFF vart julemøtet halde på Norli 25.november.

NBF avd. Hordaland  hadde 235  medlemer pr. 30. august 2008, av desse 90 institusjonar. Me takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale, bruk av materiell (papir og konvoluttar), hjelp til utsending, – og serverplass til nettsida.

Bergen, 16.03.09

Vibecke Svendsen, Inga Jorunn Nåmdal, Eli Lothe, Helge Skurtveit, Krassi Rynning

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone