Årsmelding 2007

NBF avdeling Hordaland – Årsmelding 2007/08

Styret for perioden 12. mars 2007 – 12. mars 2008 har vore: Krassi Rynning, Vibecke Svendsen, Helge Skurtveit (leiar), Inga Jorunn Nåmdal (kasserar) og Eli Lothe (sekretær). Vara har vore: Baiba Eglite Børslien og Bente Dammen.

Det har vore 4 styremøte (telefonmøte) i perioden – i mai, september og november 2007 og i februar 2008.

NBF avd. Hordaland hadde 238 medlemer pr. 10. oktober 2007, av desse 82 institusjonar.

Det største arrangement på hausten var dagsseminaret ”Bibliotekarkompetanse frå 2.0 til 2014”. Det samla 60 deltakarar og vart arrangert 23. oktober saman med lokalavdelingane av BF og NFF. Hovudinnleiarar var Andrew Cranfield, generalsekretær i den europeiske biblioteksorganisasjonen EBLIDA. Tittelen på innlegget hans var ”Bibliotekarkompetanse for framtida?” Andre tema på møtet var bibliotekarkompetanse i Hordaland, biblioteket frå brukarperspektiv, kunnskapsbasert praksis og kompetanseutvikling sett frå arbeidstakarsida. Ein artikkel om seminaret har stått på trykk i Bibliotekaren.

Helge Skurtveit deltok på kontaktmøtet i NBF i oktober.

Eitt av styremedlemene i NBF avd. Hordaland kjem frå Bulgaria, og styret prøvde å få til ein studietur til byen Hissar hausten 2007, men det var for få påmelde – så turen måtte avlysast.

I aksjonen hausten 2007 for å oppretthalda bokbåten Epos, var NBF ein aktiv medspelar, både på lokalt og sentralt nivå. Aksjonen var vellukka, og Epos vart redda i eit flott samarbeid med mange eksterne aktørar.

Det årvisse julemøtet vart arrangert saman med NFF avd. Bergen den 4. desember på Norli bokhandlel. Forfattarbesøk, lokalhistorie, boksal og lett servering samla rundt 50 bibliotektilsette. Denne gongen var det NBF avd. Hordaland som stod for praktisk tilrettelegging, i samarbeid med Norli.

Våren 2008 har hovudsatsinga vore Det 71. norske bibliotekmøtet, som var arrangert 5.- 8. mars i Bergen. Lokalavdelinga hadde ein representant i arrangementskomitéen og medansvar for noko av det praktiske under møtet.

NBF avd. Hordaland takkar Hordaland fylkesbibliotek for lån av møtelokale, bruk av materiell (papir og konvoluttar), hjelp til utsending, – og serverplass til heimesida.

Bergen, 12.03.08

Helge Skurtveit, Krassi Rynning, Bente Solheim, Inga Jorunn Nåmdal, Eli Lothe

Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone